lørdag, februar 04, 2012

Svipptur til Bamako!

Etter nesten 6 veker uten internett har eg no vore nokre dagar i Bamako. Her har eg fått sjekka mail, nyheter, facebook osv. Deilig! Til slutt kom turen til bloggen, her kjem nokre bilete som gir eit lite glimt av malilivet. 

I dag reiser me tilbake til Bafoulabé, og overnattar i Tambaga på vegen. Det vil sei farvel til butikkar og internett. Neste gong blir sannsynligvis ca. 10. mars, då reiser me frå Bafoulabé til Bamako og har nokre dagar ferie her før me reiser til Norge. 

I Bafoulabé går livet sin "skeive maligang" som tante GM seier. Folk er friske, sjuke, svoltne, glade, triste og engasjerte om ein annan. Livet er skjørt i Mali, og skillet mellom liv og død er mindre enn i Norge. Siste regntida var rekorddårlig, så me forventar harde tider for folk framover. Prisane på ris og hirse er neste dobla allerede, og verre kjem det til å bli. Det er litt uro i landet av ulike grunnar, men me har ingen grunn til å uroa oss der me bur. Gleda vandrar heldigvis hand i hand, Mali er vidare i CAM (Afrikamesterskapet)!

TV-stund har gull i munn. TV´en står ofte på, og dårlege såpeseriar er populært!

Rypejakt! (Rypa er ikkje skoten av meg, kun flådd).

Ungdomsgruppa i kyrkja syng på julafta.

Far, eg og onkel Gjermund i julestasen!

Å sei at eg reiser frå alle butikkar når eg reiser til Baf. er løgn, dette er ein av 3-4 butikkar i Bafoulabé!

B og eg på veg frå markedet til tunet for å lage mat!

Me har vore på eit par overnattingsturar, og tenner opp bål i ny og ne. Finfint!

søndag, desember 18, 2011

Litt bilder fra Mali!

Trafikk i Bamako.

Bomullsmarker langs vegen til Bafoulabe.

Mali betyr flodhest på det lokale språket bambara. Denne så vi når vi var på flodhestsafari på elva nedfor landsbyen.

Flodhestsafari med pirog (trekano).

"Slektstreff" i Bafoulabe.

Huset vårt (dvs. meg og Gunhild).

For å komme seg til Bafoulabe må man kjøre over elva ved labolandsbyen, og eneste broa over jernbanebroa.

tirsdag, november 22, 2011

Svettsvett

Kveldsstemning frå Bamako. Det kan sjå ut som om trafikken går rolig og organisert for seg. Det er feil. (Foto: meg).

Me er vel framme i Bamako, Mali heile gjengen (dvs. meg sjølv, tante, onkel og kusine Ingeborg), og det same er bagasjen vår. Me rundar snart eit døgn i landet, så langt alt vel!

I dag har eg fått ete malisk mat igjen, ris, peanøttsaus, kål og kjøt - deilig! I tillegg har eg og Ingeborg fått prøvd "badebassenget" på taket av gjestehuset til misjonen (ca. 1,5x2,5m), solt oss, fått tatt ut pengar, kjøpt sim-kort og handla inn litt mat (me reiser til Bafoulabe fredag, der det ikkje er så mykje vestleg mat å få tak i. (Ikkje så mykje annan mat heller desverre, på grunn av feilslåtte avlingar, men det får bli eit anna blogginnlegg)). I kveld har me nytt god mat på fin restaurant, og nå ventar seng (og aircondition:).

lørdag, november 19, 2011

Intens pakking pågår!

På mandag reiser eg til MALI! Tjohei, som tida har flydd sidan forrige innlegg! 6 mnd. ved NAV gjekk fortare enn frykta forventa, mykje takka gode og kjekke kollegaer og nyttig lærdom. 


Kl. 10.10. mandag går flyet frå Stavanger, via Amsterdam og Paris, til Bamako. Der blir vi nokre dagar før vi reiser opp til Bafoulabe, litt nord-vest for Bamako. Dette er den same landsbyen som eg budde i for 5,5 år sidan, og eg gled meg veldig til å komme tilbake. 

Bilete er lånt frå www.merriam-webster.com.

Eg skal ikkje til Mali på ferie i 4 mnd., heldigvis. Tante og onkel min (www.malilygre.blogspot.com) har vore misjonærar i Mali i mange år, og skal ned i 4 mnd. no, og eg og eldste dottera deira Gunhild (www.gunhilds-side.blogspot.com) skal vere lærarar for yngste dottera Ingeborg, som går i 5. klasse. 

Flytting frå Bergen til Kverneland er unnagjort i dag, no gjenstar sortering, klestørk og pakking før eg er heilt klar til avreise mandag. Følg med, følg med for vidare oppdatering!

torsdag, mai 26, 2011

Ferdig!

Bacheloren blir levert om få minutt! No ventar siste flyttelasset, ei helg heime, og start i ny jobb i NAV. Der blir eg fram til slutten av november, då reiser eg til Mali nokre månader! Forvent meir aktivitet då!

fredag, april 15, 2011

God påske!

(Bilde lånt frå aftenbladet.no)

lørdag, januar 29, 2011