I går var me på ekskursjon til Sandviken Brannstasjon med basisgruppa mi på skulen. Det høyrest kanskje ut som om eg går på barneskulen, evt. lærarskulen, men eg går altså på sosionom. Me reiste ut kun for kjekt, og det skal eg helse å sei at det var! Mannen til Linda er brannmann, og viste oss rundt.
Her har eg funne ei flaske som var gøymd på botnen av skummet! Eg hadde på meg fullt røykdykkarutstyr, med pustemaske og det heile. Eg hadde ein knapp eg kunne trykke på, så høyrde brannmannHugo meg, men eg kom ikkje på noko morosamt å seie, så eg haldt fred der...
Me fekk og svinge oss i pålen i god Bridget Jones-stil, omvisning på stasjonen, og me kjørte oss ein liten tur i brannbilen. Ekskursjon til brannstasjon kan anbefalast på det varmaste! Like kjekt enten ein er 3 eller 23 år...
onsdag, oktober 28, 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)



0 kommentarer:
Legg inn en kommentar