Ungdomsklubb
Dag 3 vart brukt til pengejakt, av ein eller annan grunn ville ingen etiopiske minibankar gi oss pengar. Dermed måtte me til ein bank som hadde kontor på Sheraton Hotell, Afrikas (kanskje) finaste hotell. Etter nok eit godt etiopisk måltid tok me buss til Merkato. Dette er Afrikas (kanskje) største marked, og ein får tak i alt mellom himmel og jord (minus melkesjokolade og Vossafår).
Fredag til lørdag var me på tur til Ambo og Walisso. Ambo er kjend for helbredande kjelder og "Farris"-vatn som inneheld naturleg kolsyre (og som vert seld på flasker over heile landet). Ein time bilkjøring på grusveg rei me på hestar ned i ein utdødd vulkan, der det no er ein landsby og ein innsjø. Meget fin natur, og ein flott opplevelse! Vulkanen låg på 3500 moh, noko som merkast på pusten...
Einar og Per Gunnar i vulkanen med nydelege hattar.
Natta tilbragte me på Negash Lodge, som vart bygd i 1930 som ferieplass for keisar Haile Selassie. Her var både basseng og apekattar, så delar av lørdagen vart tilbragt her, før me drakk kaffi og te i ei lokal khat-bule, handa sjal på markedet og kjørte "heim" til Addis.
Etter ei snau veke i flotte Etiopia var det på tide å vende nasen heim att til varme og gode Tanzania, der ei vekes hard jobbing er i gang, før familien set seg på flyet for å kome på besøk, noko eg gler meg veldig til! Ein oppdatering om praksis kjem muligens før den tid, følg med, følg med!

2 kommentarer:
åj, i huset ditt he ej også overnatta nokre netter, Irene. Va liksom so veldi velkjente bilder i innlegget litt lenger nede. Lykke til me bugsa på do;)
Kos dej i Moshi:) og ta turen til Kili!!
sunniva
Så koselig me kommentar! Ja, d e litt av et mansion me har funne oss :) Kose meg veldi i Moshi, får desverre ikkje muligheten te å klatra Kili, men eg beundre fjelle støtt å stadig!
Snakkast i januar!
Legg inn en kommentar