fredag, november 05, 2010

Praksis i KIWAKKUKI

KIWAKKUKI sin logo.
(Bildet er lånt av Duke University.)

Eg er ikkje i Tanzania berre for å drive dank, eg er her i anledning 3. års praksis på sosionom, og er plassert i KIWAKKUKI (Kikundi cha Wanawake Kilimanjaro Kupambana na UKIMWI , Kilimanjaro Women against AIDS). KIWAKKUKI arbeidar med HIV/AIDS problematikk i Kilimanjaro-regionen, nord i Tanzania. Dei er ein medlemsorganisasjon, med over 5000 medlem, og er med det den største organisasjonen på sitt område, og er og ledande i resten av landet. Dei driv forskning, testing, rådgiving, betaler skuleavgifter, støtter barn som har mista foreldre i HIV, støtter andre sårbare barn, gir heimesjukepleie, går på heimebesøk, driv forebyggjande arbeid, har ”School Health Clubs”, deler ut mat i samarbeid med WFP og mykje meir.

Eg arbeider i OVC-departement (orphans and vulnerable children). 2-3 dagar i veka er eg i Boma, ein liten by ca. 30 min. frå Moshi, på distriktskontoret der. Der har eg vore med på bl.a. betaling av skuleavgifter, fleire heimebesøk til kvinner som lever med HIV, distribuering av mat, besøkt ein søskenflokk på tre som har mista begge foreldra, og besøkt to barneheimar. Den eine barneheimen er eg som regel innom etter at eg er ferdig med det er har vore med på kontoret, er som regel ferdig rundt kl. 13, så då er eg innom barneheimen eit par-tre timar før eg reiser heim att til Moshi.

Det er mange tøffe skjebner ein møter. Ektemenn som har stukke av eller er døde, kvinner som ikkje veit om dei har mat neste veke, ungar som bur i eit skur folk flest her ville brukt til oppbevaring av dyremat, folk som ikkje står på lista over dei som skal motta mat frå WFP, men nektar å gå derfrå før dei får noko, fordi dei ikkje har mat eller pengar heime, ungar som bur på barneheim fordi foreldra er døde, og slekta ikkje kan/vil ta seg av dei… Det er lærerikt, frustrerande og utfordrande å vere i praksis her, og eg har ikkje angra eit sekund!

0 kommentarer: