På mandag reiser eg til MALI! Tjohei, som tida har flydd sidan forrige innlegg! 6 mnd. ved NAV gjekk fortare enn frykta forventa, mykje takka gode og kjekke kollegaer og nyttig lærdom.
Kl. 10.10. mandag går flyet frå Stavanger, via Amsterdam og Paris, til Bamako. Der blir vi nokre dagar før vi reiser opp til Bafoulabe, litt nord-vest for Bamako. Dette er den same landsbyen som eg budde i for 5,5 år sidan, og eg gled meg veldig til å komme tilbake.

Bilete er lånt frå www.merriam-webster.com.
Eg skal ikkje til Mali på ferie i 4 mnd., heldigvis. Tante og onkel min (www.malilygre.blogspot.com) har vore misjonærar i Mali i mange år, og skal ned i 4 mnd. no, og eg og eldste dottera deira Gunhild (www.gunhilds-side.blogspot.com) skal vere lærarar for yngste dottera Ingeborg, som går i 5. klasse.
Flytting frå Bergen til Kverneland er unnagjort i dag, no gjenstar sortering, klestørk og pakking før eg er heilt klar til avreise mandag. Følg med, følg med for vidare oppdatering!

1 kommentarer:
Jippi for bloggen som er oppe og går:) Me skal følge med her og i bønn!! Du kommer til å være ein drømme-lærer, Irene!!!
Klemmer fra Janne og Magnus
Legg inn en kommentar