tirsdag, november 22, 2011

Svettsvett

Kveldsstemning frå Bamako. Det kan sjå ut som om trafikken går rolig og organisert for seg. Det er feil. (Foto: meg).

Me er vel framme i Bamako, Mali heile gjengen (dvs. meg sjølv, tante, onkel og kusine Ingeborg), og det same er bagasjen vår. Me rundar snart eit døgn i landet, så langt alt vel!

I dag har eg fått ete malisk mat igjen, ris, peanøttsaus, kål og kjøt - deilig! I tillegg har eg og Ingeborg fått prøvd "badebassenget" på taket av gjestehuset til misjonen (ca. 1,5x2,5m), solt oss, fått tatt ut pengar, kjøpt sim-kort og handla inn litt mat (me reiser til Bafoulabe fredag, der det ikkje er så mykje vestleg mat å få tak i. (Ikkje så mykje annan mat heller desverre, på grunn av feilslåtte avlingar, men det får bli eit anna blogginnlegg)). I kveld har me nytt god mat på fin restaurant, og nå ventar seng (og aircondition:).

1 kommentarer:

Janne og Magnus sa...

Du har vel komt vel fram til Baf nå! Håper turen gjekk fint:) Forstår det kan ta si tid med neste blogginnlegg...men eg lever i håpet:)

Ønsker deg gode dager i varmen!!!
Klemmer i fleng!